Ved E-16, 2 km aust for Borgund Stavkyrkje. Det er 10 hytter på plassen. Hyttene har frå høg til medium standard. Alle hyttene har TV. Hytter med dusj og toalett er utstyrt med alt ein treng av kjøkenutstyr og sengeklede. Opphaldsrom/kjøken har salongmøbler.
For gjester som bor på campingplassen og i hytter utan dusj/toalett er det moderne sanitæranlegg til disposisjon. Det er el-uttak for bobiler/campingvogner. Kiosk, fiskekort og utlån av sykler. Leikeplass med trampoline.
Plassen er eit godt utgangspunkt for turar både i Indre og Midtre Sogn. Til Flåm og den vidgjetne Flåmsbana tek det no berre ein time å køyre gjennom verdas lengste tunnel (Lærdalstunnelen). Ein kan og reise tur/retur til Bergen på ein dag både med privatbil og buss.
Velkommen til Borgund Hyttesenter og Camping.
Borgund Hyttesenter og Camping
|
|
|