Mo Laksegard AS

Tilbake

Lakse og aure fiske i Sundalslågen

I Suldalslågen, den største elva på vestlandet, tilbyr Mo Laksegard 6 gode fiskevald.
Fiske på stor elveaure (brunaure) startar 1. mai, og sesongen for laks og sjøaure går fra 15. juli til 20. september.

Fire av fiskestrekningane ligg i gåavstand frå hyttene på Mo Laksegard. Suldalslågen er kjend for stor laks og sjøaure. Det er ikkje uvanleg å få laks på 10 kg, og kvart år vert laks over 20 kg fanga.
Snittvekta for sjøaure låg i år 2001 på ca 1,5 kg. Aure mellom 3-5 kg er ikkje uvanleg.

Laksesafari

Bli med på ein ny spennande aktivitet i Suldalslågen.
Iført overlevingsdraktar legg me oss ut i straumen i vestlandets største elv. Elva tek oss med på tur ca 2 km fritt flytande i vatnet. Gjennom dykkarmaske og snorkel kan du observere laks og sjøaure i sitt rette element og samstundes føle kreftene frå elva direkte på kroppen.
Gruppa vert leia av to godkjende instruktørar. Ein som er med i ute i elva og ein som føl etter gruppa i kano.


Pris: kr. 650,- pr. person
Varighet: 2 1/2 til 3 timar
Individuelle kan melde seg til onsd. og lørd. kl 1300 Min 6 pers.
Sesong februar- desember
Bestill aktivitet på informasjonsida www.molaks.no



Du bur godt på Mo Laksegard
Alle våre hytter og loft er fullt utstyrt med komfyr, kjøleskap, oppvaskemaskin og ellers det du treng av bestikk og servise. Vidare er det telefon, radio og TV. Det er i tillegg hagemøblar og grill. Nokre einingar har og peis. Me har totalt 33 sengeplassar.

Måltider
Mo Laksegard tilbyr tradisjonsrik mat laga av dei beste råstoff. Hjort og laks er sjølvsagte spesialitetar. Gje oss gjerne ei bestilling dersom de kjem i grupper.

Be om eit tilbod frå Mo Laksegard


Mo Laksegard AS


Adresse:

Sandsbygda

4230
SAND
Telefon: 52797690
Telefax: 52797303
Mobil: 97042825
E-Post: molaks@hesbynett.no

Internett:

http://www.molaks.no/