Oldenelva

Keiser Willhelms fiskeplass

Oldenelva er ei av ”Keisar-elvane ”i Indre Nordfjord fordi keisar Wilhelm II fiska her ved fleire høve i slutten av 1800-åra.
Han både fekk og mista laks i ”Keisar-hølen” som den dag i dag er ei bra høl, ofte med stor fisk.
Den er også kjend som ei tradisjonsrik ”Lorde-elv” med vitjing av mange engelske lakselordar frå tidleg på 1800-talet.

Elva får vatnet sitt frå Jostedalsbreen ,og har i periodar med snøsmelting grågrøn farge av breslammet , som og ofte medfører dårleg sikt.
Vassdraget er varig verna mot inngrep som kraftutbygging og lignende

Den er ca 3 km. lang og er relativt stri, men har mange fine fiskehølar og eignar seg spesielt godt for flugefiske.
Her er plass til 8 stenger det meste av sesongen. ( 6 stenger etter 1.sept.)
Mykje av fiskesesongen har i lang tid vore bortleigd på langtidskontrakter. Det er stor rift om fiskekorta, så interessentar må vere ute i god tid.
Kort prisane er mellom kr.500 og kr. 1000 per stang/døgn.
Laksen i elva er for tida totalfreda. men det kan fiskast sjøørret frå 15.juli til 30. sept

Elva vert forvalta av Olden Elveeigarlag.

Styreform. Kristen Brynestad - 6788 Olden
Tel. 5787 3133.
Mob.415 65194
E-post: kristen.brynestad@sensewave.com

Varaform. og fiskekortseljar: Anders Bruvoll , 6788 Olden
Tel. 5787 3445
Mob.995 24511
E-post: bruvoll@stryn.frisurf.no

Sogn og Fjordane, Stryn, Oldenelva