Optimisme etter godt laksefiske

Tilbake

Fisket i Vikedalselva slår truleg rekorden frå i fjor som var tidenes beste. Resultatet i Etneelva er derimot moderat med mindre laks på land enn i fjor.

Jon Edvardsen
www.grannar.no

For heile landet oppsummerer Direktoratet for naturforvaltning med at det blir ein av dei beste laksesesongane frå 90-talet og framover, og det er mindre oppdrettsfisk i elvane enn tidlegare år. Det er store lokale variasjonar, men tilstanden i norske lakseelvar er rimeleg god med fangststatistikken som grunnlaget for diagnosen.


Rekord i Vikedal

Når fisket dei to siste sesongane får karakteren godt, er samanlikninga det historiske lågmålet i laksefisket som har vore på store delar av 90-talet. Men all framgang er godt nytt.

Vikedalselva er inne i ein svært god periode, og elva kan få det tredje året på rad med rekordfiske. I fjor vart det tatt 3.733 kilo med laks og aure i elva.

Rapporten frå DN vart laga heilt på tampen av fiskesesongen, og der er konklusjonen at det blir rekordfiske av laks i Vikedalselva i år, ikkje minst på grunn av godt fiske av mellomlaks.

Grunneigar Berge Kjell Opsal opplyser at alle rapportar tyder på eit svært godt år, kanskje det beste i nyare tid.

— Vi var nøgde med rekorden i fjor, men i år kan det bli endå betre. På min rett er det tatt 95 laks i år mot 38 i fjor. I tillegg kjem svidda, opplyser Opsal.

På minussida noterer han at det nesten er kjemisk reint for sjøaure.


Vikedal passerer Etne

Dersom det blir rekord i Vikedalselva, tyder alt på at fangsresultatet blir større enn i Etneelva. Det er i tilfelle første gong det har skjedd så lenge fangststatistikken har eksistert.

Fangstresultatet i Etne var 4000 kilo i fjor, og rapportane i år tyder på at fisket i år kan gå ned med rundt 25 prosent. I så fall blir fangsten rundt 3.000 kilo. Det er mindre enn både 1998 og 2000 sesongen.

Øyvind Jacobsen som er grunneigar på Gjerde-retten og sit i Fagrådet for villaks i Hordaland, har klart inntrykk av at fisket er mindre enn i fjor sjølv om han berre har tal for fem soner.


Høg temperatur

— Det var godt med fisk i elva, men det var vanskeleg å få han til å bite. Vasstanden har vore fin, men temperaturen i elva har vore for høg til å få fart på fisket har eg inntrykk av, seier Jacobsen.

Dei første to vekene var fisket bra, men resten av sesongen har vore meir laber. Normal temperatur i vatnet i august, resulterte heller ikkje i så sprekt fiske.

— Det er særleg tatt for lite smålaks og tert, fortel grunneigaren.

Jacobsen er likevel optimistisk på vegner av Etneelva, som trass i litt tammare resultat i år framleis har posisjonen som den beste elva i Hordaland.